Ditt syn

Tørre Auge

Har du ei kjensle av irriterte, rennande, kløande eller tørre auger?  Bestill ein konsultasjon for tørre auge i dag, så får du ei god vurdering av tårefilmen din.

Tårefilmen er unik i samansetning og skal halde augene fuktige, beskytta og gi eit skarpt blikk. 20% av befolkninga har tørre auge, og 80% av desse har for lav tilførsel av feittstoff til tårefilmen. Ved hjelp av ei rekke ulike tårevæsker, hygieneartiklar og den revolusjonerande E-eye behandlinga kan du få meir komfortable auge.

Tårefilmen består av 3 lag:

  • Mucin – er det innerste laget av tårefilmen og skal sørge for at tårefilmen held seg på augets overflate.
  • Vatn – er det midterste og tjukkaste laget som gir næring og beskytter augets fremste del.
  • Lipid (feittstoff) – skal hindre at tårefilmen fordampar og er det ytterste laget av tårefilmen. Dette utskiljast av dei meibomske kjertlane som ligg i våtkanten ved nedre og øvre augelokk.

Symptom

  • Svie
  • Rennande auge
  • Rusk-eller sandpapirfølelse
  • Vanskar med å åpne augene om morgenen
  • Ømtolig for lys
  • Raude auge
  • Uklart syn
  • Redusert bæretid av kontaktlinser
  • Slitne og såre auge etter nærarbeid som lesing eller skjem

Årsaker

  • Sykdommer som kan påvirke produksjonen som Sjøgrens, ulike bindevevsjukdommar, leddgikt
  • Augebetennelse
  • Miljøfaktorer: røyk, vind og tørre klima kan auke fordampinga og resultere i tørre auge.
  • Redusert blinking
  • Gråstær-operasjon
  • Medisinar som antihistamin, nesespray, blodtrykksenkande, antidepressiva reduserar tåreproduksjonen
  • Overgangsalder
  • Andre faktorer som langtids linsebruk kan være ein faktor i utvikling av tørre auger
  • Synskorreksjon ved for eksempel LASIK

Diagnostisering

Kvaliteten på tårefilmen Ved dysfunksjon av dei meibomske kjertlane fordampar tårefilmen raskare, dette er den største årsaka (80%) til at tørre auger oppstår. Endring i samansetninga av det meibomske feittstoffet fører til at denne bestanddelen blir tjukk og det dannar seg ei fortetting inne i kjertlane. Det fører til opphoping av bakteriar, dårlegare utskiljing av feittstoff frå kjertlane og ein konsekvent ustabil tårefilm. Då må det tiltak til for å få stoppa denne dårlege spiralen.

IDRA

Dysfunksjon av dei meibomske kjertlene vurderer vi ved hjelp av IDRA, eit verktøy der vi kan sjå på både kvalitet(feittstoff) og kvantitet(mengde) av tårefilmen. Ved meibografi får vi vurdert dei meibomske kjertlane med infrarødt lys og ser om dei er intakte. Fordelen med dette apparatet er at vi ikkje forstyrrar tårefilmen underveis i undersøkinga og får eit mest mogleg reelt bilde av tårefilmen din. Vi observerar mengde tårer og nøyaktig når tårefilmen din sprekk opp, da får vi også eit intrykk av stabiliteten til mucinlaget. Er det lite feittstoff tilgjengeleg eller låg produksjon av tårefilm vil denne sprekker raskare opp enn normalt. Undersøkinga med IDRA vert lagra i ein database slik vi på ny kan evaluere tårefilmen din etter ei stund, og vurdere tiltaka vi har sett i verk.

Behandling:

  • Komfortdråpar
  • Kosthold og drikke – omega 3 og godt med vatn
  • Oppvarming av de meibomske kjertlane med varme kompress og massasje
  • Punktalplugger
  • E-eye behandling: Intens pulserande lysterapi har blitt brukt med positive resultat ved dysfunksjon av dei meibomske kjertlane.

Komfortdråper

Komfortdråper er ei enkel løysing som gir umiddelbar betring av problemet Vi tilrår dråper ut frå ei vurdering av tårefilmen og hornhinna di. Nokre brukar dråpane ei lita periode, andre har behov for å gå på dei jamt gjennom heile året. Det finnes også salvar ein kan legge på om kvelden dersom problemet er uttalt. Spør oss, så veileder vi deg.

Kosthald og drikke

Kosthald og inntak av væske kan også påvirke tårefilmen, vår anbefaling er difor å innta godt med væske samt ha eit normalt inntak av omega 3 gjennom veka.

Oppvarming av dei meibomske kjertlane

Når utskiljing av feittstoff frå dei meibomske kjertlane kjem inn i ein dårleg sirkel og blir tilstoppa, krev det ein høgare temperatur for å få opna dei igjen. Det kan da hjelpe å legge varme beslag ved hjelp av varmemaske som vi sel i butikken eller varme klutar du har heime. Du varmar opp augelokka i 10-15 minutt, og masserar så langs augelokkskantane med jamne sirkulære bevegelsar(ca 30 sek per auge). I etterkant bør du reinse med mildt såpevatn eller våtserviettar tilpassa augene. Så set du inn ein komfortdråpe for å stabilisere tårefilmen. For å få god effekt gjennomførast dette morgon og kveld i ei periode på 10-14 dagar. Dette bør vedlikehaldast etter ei tid slik feittstoffa kan få fløyme fritt inn i tårefilmen igjen.

Punktalpluggar

Punktalpluggar kan være til god hjelp dersom produksjonen av tårevæske er dårleg og det er lite tårevæske. Pluggane settast i tårekanalen for å behalde den vesle mengda tåre tilgjengeleg for augets overflate.

E-eye

Behandling med E-eye foregår ved pulserande lys som med nøyaktig presisjon stimulerer til at dei meibomske kjertlane gjenopptek sin normale funksjon, slik tårefilmen optimaliserast i samansetning igjen. I motsetning til andre behandlingar som blir sett på som lindrande, fører E-eye til ei varig betring av tårefilmen. Det gjennomførast 4 behandlingar i løpet av 75 dagar for å få best mogleg effekt, deretter 1 etterbehandling årleg for vedlikehald. Det kan ikkje gjennomførast om ein har pågåande infeksjon i augene. Ved E-eye oppnår 85% betring av symptom, og heile 60% har ei varig effekt over 3 år. Vi tilrår å halde fram med lindrande behandling samtidig med E-eye, da tørre auge kan være eit samansett problem. Det kan også være godt å fortsette med varmebeslag og massasje for å halde kjertlane opne slik tårefilmen får best mogleg tilførsel av feittstoff.