I nokre tilfeller med redusert samsyn er ikkje brille og kontaktlinser tilstrekkeleg
Det kan då vere andre forhold med synet som byr på utfordringar ved lesing og nærarbeid.
Typiske teikn er å ha problem med blant anna:
- Linjeskift
- Blande/speilvende bokstavar
- Låg lesefart
- Hovudverk
- Dobbeltsyn
- Tåkesyn
- Skifte fokus mellom nær og avstand
- Lyskjensleg
- Bilsjuk.
Vi tilbyr difor synstrening i dei tilfella vi ser det naudsynt, og i samarbeid med deg legger vi opp eit løp som passar ditt behov.