Er ditt barn ofte trøytt og sliten etter mykje lesing eller myser når han/ho ser på TV ? Vi undersøkjer barnet sitt syn og gir råd i forhold til briller, kontaktlinser og synstrening.
Barn som ikkje ser godt, er ofte ikkje klar over at dei bør sjå betre. Difor bør du være merksam på om barnet ditt har problem med synet, aller helst så tidleg som mogleg. Kvart 5. skuleborn har behov for utredning av synet; det er viktig for læring. Barn kompenserar ofte grunna god fokuseringsevne, dette gjer det utfordrandre for foreldre å vurdere om barnet har synsproblem. Ei grundig synsundersøkjing er ei god investering for barnet si framtid.
10 teikn som viser om barnet ditt ser dårleg:
- Barnet har vanskeleg for å sitte stille/konsentrere seg
- Barnet let ofte igjen eitt av auga
- Barnet blir fort sliten ved nærarbeid
- Barnet er lysømfintleg eller veldig mørkeredd
- Barnet klager ofte over hovudverk
- Barnet ser dårleg objekt på avstand, sjølv når objekta vert peika på
- Barnet klagar over doble/hoppande bokstaver
- Barnet unngår lesing/nærarbeid
- Barnet myser ofte eller klagar over uklart syn
- Barnet dulter borti kantar
Synsundersøking er viktig for å fastslå om barnet har behov for hjelpemiddel for å sjå best mogleg, og i så fall kva hjelpemiddel (for eksempel briller eller kontaktlinser) som vil fungere best. Bestill ein time for synsundersøking om du er usikker på synet til barnet ditt. Kom gjerne å prat med oss om du har spørsmål. Undersøkelsar på barn gjennomførast som hos vaksne, men testar og metoder tilpassast barnets alder.
Ved undersøking av barn vert det regelmessig brukt dråpar for at augene skal slappe av under vurderinga, dette gjev ei meir nøyaktig måling av synet. Det kan da være godt å ha eit par solbriller med for å beskytte augene då pupillane vert store og barnet vert lyskjensleg i ei kortare periode etterpå.
NAV kan gje støtte til briller for born! Det finnast to ordningar for dette!
For born under 10 år kan NAV dekke delar av kostnadane til briller. Dette gjeld for born med amblyopi eller risiko for å utvikle amblyopi. Amblyopi er synsnedsetjing på eitt eller begge augene utan påviselig sjukdom i sjølve auget.Briller kan være viktig for å behandle eller forebygge amblyopi hjå born som har utvikla eller har auka risiko for å utvikle tilstanden.
Regelverket er inndelt etter ordinære vilkår og særskilte vilkår. De ordinære vilkår gjelder for born under 10 år. Eitt eller flere av kriteriene nedanfor må då være oppfylt:
- Astigmatisme (Skeive hornhinner): ≥ 1,50 D
- Bilateral hypermetropi (Pluss styrke): ≥ 4,00 D
- Anisometropi (Forskjellig styrke på augene med 1 dioptri eller meir): ≥ 1,00 D
- Manifest strabisme
Barn over 10 år kan i særskilte tilfeller få støtte til behandling av amblyopi.
BRILLESTØTTE:
Ordning innført med verknad frå 1.august 2022
- Barn og unge under 18 år som treng briller. Brillestyrken på minst ett glass må være ≥ 1,00D og/eller cylinderstyrke på minst ett glass ≥ 1,00D.
- Brillene må være bestilt før barnet fyller 18 år.
- Barnet må være folkeregistrert i Norge.
Det finnast 5 ulike satsar frå 800,- - 5.165,- basert på styrken.Brillestøtte blir gitt ein gong pr.kalendarår!